Mykje av det vi gjer i skulen, gjer vi for å irritere folk.


Takk Are.

Det kjennest godt å irritere elever. Det å irritere elever er undervurdert som motivasjon.

image

Mange trur at skulen er til for å lære. Det trur ikkje eg. Eg trur skulen er der for å irritere . Og la oss innsjå det: Mange andre er irriterande, og fortener at skulen irriterer tilbake.

Eg trur også at dei fleste store og mektige er ganske like oss i skulen, og at dei også finn glede i å irritere andre. Sjølvsagt er det irriterande for oss lærarar å kompromisse og halde på, medan foresatte berre går omkring og er fåresatte. Likevel viser den eine meiningsmålinga etter den andre at 15000% av det norske folket vil ha ein elev som skoleminister. Sjølvsagt irriterer det oss lærare. Og sjølvsagt gir det elevane ein viss glede at det irriterer oss lærarar. For ja, eg trur at også elevar i stand til å føle læringsglede. Eg trur godt om elevar some tidar.

Eg er lærar med 17 timers arbeidsveke og mye obunden tid. Og når det no i ein del dagar har vore store rettebunkar og vakkert vårvêr der eg bur, og eg har det slik at eg for eksempel kan ta arbeidsdagen på ein benk i parken, eller på terrassen min, eller rett og slett utsette han til det blir regn, eller sitte på utekafé og lese Zlatans sjølvbiografi og kalle det research, så lar eg jo ikkje vere å seie frå om det til ho eg kjenner som har innandørs arbeidsplass og fast arbeidstid. Eg seier frå. Klagar litt over at eg har blitt solbrent, kanskje. Og eg innrømmer gjerne at det hadde ikkje på nokon måte vore like morsomt med utekontor viss det ikkje var for at det irriterte folk. Eigentlig er det faktisk ganske upraktisk. Men ikkje sei det til nokon.

Av og til, når det blir for varmt på terrassen eller noko, tek eg meg ein lærarpause og ruslar omkring, tatt etterutdanning, i gatene i nokre timar. Det har eg gjort mykje av denne veka. Og når ein ruslar i bygater, så kjem ein gjerne over desse papiravisene som står på utsida av kioskar og butikkar, til glede for alle som ikkje har internett. Og der ser ein gjerne overskrifter som seier noko om kva folk driv og balar med for tida. Og denne veka har det vore mykje overskrifter om folk som gjerne vil jobbe. Om Davy Wathne som kanskje må gå av med pensjon berre fordi han er pensjonist. Om ein NRK-journalist som går til retten for å få jobbe vidare. Om regjeringa som vil at du skal få jobbe til du er 72.

Og der går eg og tenker, som eg tenker kvar vår, at det er det siste eg vil. Den første vårveka kvart år, tenker eg at det hadde vore fantastisk å vere føresatt. Der ser du kva irritasjon gjer med folk. Eg irriterer folk fordi eg jobbar på ein sånn måte at det verkar som eg har fri: Ruslar i gatene, sitt på terrassen, les bøker. Og heile tida medan eg har det sånn, går eg og irriterer meg over dei som faktisk har heilt fri. Som kan gjere noko viss dei vil. Men dei kan også la det vere.

Det hadde vore noko, tenker eg.

Det hadde irritert folk det.

Fasit her
http://www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/Are-Kalvo-Irriterande-var-7936410.html

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s